I munnlege situasjonar er det viktig å vere ein god lyttar og samtalepartnar. Når du skal framføre tekstar, bør du vere medveten om kroppsspråket og tonefallet ditt. Hovudforskjellen mellom den argumenterande samtalen og den formelle debatten, er at samtalen og diskusjonen er uformell og spontan, medan debatten er strukturert og styrt av andre. Når du diskuterer med folk, er det viktig å vere open og ha ei lyttande haldning, la folk snakke ferdig og stille oppfølgjingsspørsmål som viser at du har fått med deg det den andre seier. Samtidig må du ikkje tvihalde på ordet, men slippe andre til. I formelle debattar er det viktig at du forebur deg godt, slik at du ikkje blir overraska av motstandarane sine argument. Når du diskuterer, kan det være nyttig å kjenne til dei vanlegaste hersketeknikkane, slik at du veit kva du skal gjere om nokon skulle bruke dei på deg.