Ei tolking av dikt startar alltid med ei grundig lesing av diktet. I denne fasen bør du streke under ord du ikkje forstår, notere spørsmål og kommentarar, peike på verkemiddel og diskutere med medelevar. Dette skjer i fleire rundar til du meiner du har ei god forståing av innhaldet i diktet. Du må heile tida zoome inn på detaljar og zoome ut på heilskapen for å forstå diktet. Nokre dikt er enkle, andre tek det litt meir tid å forstå.
Neste fase er å oppsummere i punkt korleis du forstår diktet, kva for verkemiddel som er brukte, osv. Så kan du ta i bruk skriveramma for dikttolking. Ein god struktur er viktig i ei tolking, så sørg for at teksten har ei god innleiing og ei god avslutning. I hovuddelen fokuserer du på korleis form og innhald speler saman: Kva er motivet, og kva er temaet? Kva for verkemiddel finn du, og kva effekt har dei?
Skriveramma er meint som ei hjelp til å byggje opp teksten. Dersom du følgjer henne, vil du ha ein grei struktur på teksten din. Men innhaldet må basere seg på di forståing av diktet. Og hugs også at skriveramma ikkje er ei «skrivetvangstrøye» – det er lov å ta sjølvstendige val.