For 50 år sidan var få kulturar representerte i Noreg, men sidan den gong har Noreg blitt eit fleirkulturelt land. Kultur er heller ikkje berre knytt til nasjonalitet og religion. Det er også knytt til sosial tilhøyrsle, til meiningsfellesskap og til geografi. Dette skaper mange kulturmøte dagleg. Tekstar i samtida, både sakprosa og skjønnlitteratur, tematiserer slike kulturmøte. For å kunne forstå perspektiva til andre og for å kunne bidra i samfunnsdebatten treng vi å reflektere over slike kulturmøte. Faglege omgrep som er knytte til kultur, gjer det enklare å forstå og å ordleggje seg meiningsfullt skriftleg og munnleg.