Foto: © Rune Petter Ness/Adresseavisen
Før filmen: Kva veit du om OL i 1994? Skriv 3–5 linjer om dette.
Sjå filmen på Youtube eller på Filmrommet.no.
Regi: Kaveh Tehrani, 2010
Oppgåver:
Hugs at du alltid må underbygge meiningane dine med konkrete eksempel frå filmen, dvs. replikkar eller scener som «bevis» på di tolking.
Dariush – norsk eller persisk?
- Meiner du at Dariush er norsk? Ynskjer Dariush å vera norsk? På kva for måte framstår han som norsk – og på kva for måte framstår han som ikkje-norsk?
- Kva for rolle spelar OL 1994 i filmen?
- Korleis oppfattar omgivelsane Dariush? Beskriv forholdet hans til andre personar i filmen.
- Kva meiner Dariush om nordmenn og Noreg på notidsplanet i filmen?
- Kvifor blir bygginga av Persepolis i kjellaren eit så viktig prosjekt for han?
- Diskuter dette utsagnet i Dariush sin siste replikk: «Du er ikke norsk hvis du ikke klager litt!»
- Får du sympati med Dariush? Kvifor/ kvifor ikkje?
«Det norske»
Kan gjerast munnleg eller skriftleg:
- Skriv 4–5 setningar som startar med «Du er ikkje norsk før du….». Les opp i klassen og samanlikn med dei andre. Finst det mange like setningar?
- I sjukehus-scena seier Dariush at det viktige med Kong Dariush av Persia var at han let andre kulturar overleve i Persia. Diskuter på kva for måte og i kva for grad vi aksepterer andre kulturar i Noreg i dag.
- Korleis framstår nordmenn i filmklyppa frå OL 1994? Kva tenkjer du om denne framstillinga?
- Kva meiner du om måten den iranske innvandraren blir framstilt på? Er dette ein «truverdig» innvandrar?
Filmanalyse
- Peik på filmatiske element som får dette til å framstå som ein dokumentar.
- Kva har dokumentarforma å seie for måten du forstår karakterane på?
- Opplever du filmen som komisk? Kva er det som skapar komikk?
- Hollywood-modellen beskriv spenninga i ein film, sjå s. 119 i Intertekst vg2. Korleis passar denne filmen inn i hollywood-modellen? Anslag, presentasjon, komplikasjon, opptrapping, vendepunkt, høgdepunkt, løysing.
- Gjer eit nettsøk på «mockumentary». I kva grad passar denne filmen til sjangeren «mockumentary»?