Det å arbeide handlar om livskvalitet like mykje som levestandard. Men livet er meir enn arbeid. Vi skal meistre overgangen fra barn til vaksen, kjærleik og kjærleikssorg. Nokre blir ramma av sjukdom og alle må kjenne på kravet om suksess. Men livet er ikkje delt inn i fag. Livet er alle fag på ein gong, pluss nokre fleire. Og det finst ingen fasit. Men litteraturen kan bidra til å gje oss livsvisdom og til å kjenne livsmeistring.