I eit nøtteskal
Dialekter oppstår som resultat av kontakt eller mangel på kontakt mellom folk. Mykje kontakt skaper likare dialekter, liten kontakt skaper forskjellar mellom dialektene. Ved hjelp av språket skaper vi fellesskap som styrker identiteten og følelsen av å høyre til. Framleis finn vi store dialektforskjellar i landet vårt, men dialektene forandrar seg. Vi ser at mange av dei lokale kjenneteikna blir borte, og dialektene innan ein region blir likare. Dette blir kalla regionalisering, og her speler dei mindre byane i landet vårt ei viktig rolle for utviklinga i sin region.
Men vi ser også at dialektene blir påverka av dialekta på Oslo vest, det nokre språkvitarar kallar standardtalemål eller «det beste språket». Dette talemålet har høgare status og blir gjerne oppfatta som meir korrekt og nøytralt enn andre dialekter. Det har derfor stor påverknadskraft. Det er fleire grunnar til at dialektene står sterkt i Noreg. Ivar Aasens språkarbeid var viktig for å heve statusen til dialektene. I Noreg har også distrikta stått sterkt, og den politiske venstrebølga på 1970-talet fekk mykje å seie for dialektbruken i landet. At dialektene framleis finst, kan forklarast med at dei har ei eiga form for status, ein skjult status som gjer dei populære blant dialektbrukarane.