"Anonym"

Du må logge inn for å se lærerinnholdet. Tilgangen er gratis.

LOGG INN

Aktiver tilgangen selv – raskt og enkelt

Dette krever at du allerede har konto i Fagbokforlagets e-portal. Om skolen din ikke har benyttet e-portalen før, må du kontakte digitalt@fagbokforlaget.no for å få hjelp til å sette opp tilgangen din.

  • Trykk på "AKTIVER TILGANG". Du får da opp et nytt vindu med nettressursens side på fagbokforlaget.no
  • Legg nettressursen i handlekurven din ved å trykke på knappen "KJØP"
  • Trykk på handlekurv-symbolet oppe til høyre på siden, og trykk "GÅ TIL HANDLEKURV"
  • Inne i "Din handlekurv" trykker du på knappen "UTSJEKK", nede til høyre
  • Du kommer da til "UTSJEKK"-siden. Logg inn med FEIDE eller eportal-bruker om du ikke er innlogget
  • Gå videre ved å trykke "GODTA OG BETAL" nede til høyre. Merk at det skal stå "sum Kr 0,-"
  • Du vil da få en ordrebekreftelse på e-post, og en e-post med videre informasjon om hvordan du tar produktet i bruk

AKTIVER TILGANG

I eit nøtteskal

""

I eit nøtteskal

Romantikken er del av europeiske straumdrag som oppstod allereie på 1700-talet. Det er vanleg å skilje mellom ein konservativ romantikk frå Tyskland, ofte kalla høgreromantikk, og ein radikal eller liberal romantikk frå England, også kalla venstreromantikk. Skrekkromantikk er ei retning i romantikken som dyrka dei mørke og mystiske sidene ved menneske og samfunn. Romantikken var ein reaksjon på opplysningstida. I staden for kunnskap og fornuft måtte ein ta i bruk følelsar og fantasi for å forstå verda. Dei romantiske diktarane skilde mellom to ulike verder: den verda vi ser og sansar, og ei åndeleg verd bak det vi kan sjå. Sidan bønder og folk på landsbygda levde tettare på naturen, blei dei sett på som meir ekte og betre enn byfolk. Barn var også meir naturlege enn vaksne fordi dei enno ikkje var så påverka av sivilisasjonen. I Noreg er Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven dei mest kjende romantiske diktarane.

Nasjonalromantikken var ei retning i kunst og litteratur som kom til Noreg frå Europa i første halvdel av 1800-talet og varte heilt fram til 1870, da litteraturen endra seg i ei meir kritisk og realistisk retning. Nasjonalromantikarane hadde ein idé om at kvar nasjon hadde si sjel. Denne sjela, denne folkeånda, kunne ein få tak i gjennom kunst, litteratur og musikk. Folkediktinga var ei kulturhistorisk skattkiste nasjonalromantikarane løfta fram. Følelsane som var sentrale i romantikken, blei no knytte til landet, naturen og folkelivet. Det samme skjedde i andre europeiske land, men i Noreg etter 1814 låg forholda godt til rette for det vi i litteraturhistoria kan kalle det nasjonale gjennombrotet eller nasjonalromantikken.

"I eit nøtteskal"