I eit nøtteskal
1700-talet er hundreåret vi kallar opplysningstida. Vitskapsfolk og forfattarar ønskte å opplyse og lære opp folket. Ein skulle vekk frå religiøs overtru og over i ei verd der kunnskap og fornuft var det viktigaste. Det voks fram ei borgarleg offentlegheit som deltok i open debatt om litteratur, økonomi og politikk. Ludvig Holberg er det store namnet på 1700-talet. Han skreiv både karakterkomediar og essay der han kritiserer makta og tar til orde for sunn fornuft og fridom. På slutten av 1700-talet blei også Norske Selskab danna i København. Det var ei samling studentar som skreiv patriotiske og humoristiske viser om fedrelandet.