I eit nøtteskal
Ordet renessanse betyr «gjenføding». Tekstar og tankar frå antikken blei gjenfødde på 1500-talet i Europa. Renessansekunstnarane sette mennesket i sentrum, og dei hadde ei sterk tru på framtida. Det nye synet på mennesket og eit nytt verdsbilde som sette sola i sentrum, rokka ved synet kyrkja hadde på at jorda var i sentrum, og at Gud var viktigare enn menneska. Reformasjonen førte til at den katolske kyrkja mista enda meir makt. Boktrykkarkunsten førte også til store samfunnsendringar. Det blei enklare å spreie tekstar og tankar til større delar av befolkninga. Utdanning var eit gode for dei privilegerte. I Noreg måtte ein til utlandet for å ta utdanning om ein ikkje fekk opplæring av lokale prestar eller andre med utdanning. Norske studentar kom heim frå København og Tyskland med humanistiske idear i bagasjen. Absalon Pederssøn Beyer og Peder Clausson Friis var begge norske humanistar. Dei skreiv tekstar om Noregs historie i tillegg til skildringar av daglegliv og geografi.