I eit nøtteskal
Ein drøftande artikkel er ein objektiv tekst som legg fram argument for og imot ei sak eller eit synspunkt. Ofte drøftar ein med utgangspunkt i ein annan tekst, altså ei primærkjelde. Da er det viktig at ein jobbar grundig med forståinga av denne teksten før ein gir seg ut på å drøfte innhaldet. Det er også viktig å bruke fleire kjelder (sekundærkjelder) for å belyse saka godt. Det kan vere læreboka, ei fagbok eller ulike nettstader, avhengig av emne.
Drøftande artikkel er ein sjanger du møter i høgare utdanning i dei fleste fag. Det å kunne drøfte er også viktig for å kunne vere ein aktiv samfunnsborgar som kan ytre seg om ulike aktuelle emne.