I eit nøtteskal
Når du skal tolke ein litterær tekst, må du først lese teksten grundig. Oppsummer inntrykka i eit skjema. Når du skal skrive, så sørg for at analysen din har ei tydeleg innleiing og avslutning. I hovuddelen fokuserer du på korleis forma og innhaldet speler saman. Her gjer du greie for form, oppbygging og bruk av språklege verkemiddel. I ein novelleanalyse må du også gjere greie for forteljarmåte og person- og miljøskildring.
Når du samanliknar dikt, må du sjå etter motiv og tema i begge tekstane og kva verkemiddel som kjenneteiknar dei. Deretter finn du ut kva du skal legge vekt på, eller kva som skal vere perspektivet for samanlikninga. Dette skal du ha som raud tråd igjennom heile oppgåva.
Skriveramma og modelltekstane kan vere ei god hjelp til å forme din eigen tekst. Men hugs at forma på teksten alltid vil bli litt ulik, avhengig av kva for tekst du analyserer, og av kva for oppgåve du har fått.