I eit nøtteskal
Den barokke diktinga var prega av ei sterk gudstru. Ei uroleg tid førte til at fleire såg på livet på jorda som ein «jammerdal». Målet var å halde ut det vanskelege livet slik at dei kunne komme til himmelen. Salmediktarar som Thomas Kingo og Dorothe Engelbretsdatter brukte ofte død som motiv og tema. Tekstane dei skreiv, var fulle av kontrastar, overdrivingar og kraftfulle språklege verkemiddel. Petter Dass har skrive fleire salmar som framleis blir brukte. Han er også kjend for dei topografiske tekstane sine.