I eit nøtteskal
I løpet av perioden mellom 1945 og 1980 gjekk Noreg frå krig og okkupasjon til å bli eit velferdssamfunn. Viktige politiske hendingar i samfunnet prega litteraturen og kunsten. Forfattarane i etterkrigstida ønskte å undersøke korleis menneske kunne utføre så vonde handlingar under krigen.
Innanfor den realistiske tradisjonen blei sentrallyrikken populær, og forfattaren Halldis Moren Vesaas skreiv dikt sett frå eit kvinneperspektiv. Her handla det om å sette pris på dei små hendingane i kvardagen.
Fleire forfattarar lét seg inspirere av Sigmund Freuds psykoanalyse. Dei skreiv om identitet og kva barndom og oppvekst har å seie for utviklinga og vaksenlivet til eit menneske.
I tiåra etter krigen fekk kvinnelitteraturen igjen eit nytt oppsving, og politisk litteratur i tråd med Collett sette kvinners moglegheiter i det mannsdominerte samfunnet under debatt. På same måte blei forfattarar som Jens Bjørneboe opptatte av å skrive litteratur som kjempa for barn og unge som sleit på skolen og i samfunnet. Sosialrealismen, som har mykje til felles med den realistiske tradisjonen frå 1870-åra, hadde eit tydeleg mål: å ta perspektivet til arbeidarklassen. Dette var ein sterkt politisk litteratur som handlar om korleis samfunnet påverka enkeltmennesket. Det var altså det sosiale rundt personane som var viktig, meir enn dei private tankane og særtrekka til enkeltmenneska.