Store samfunnsendringar har skapt eit samfunn der dialektar kjem i kontakt, noko som set fart i språklege endringar. Bymåla står i ei særstilling når det gjeld å påverke dialektane i omlandet rundt byen, og størst påverknad har dialekten i Oslo, som også blir kalla standard austnorsk talemål. Språkhaldningar er ein viktig faktor når det gjeld språkendring. Identitet og språk høyrer saman, og dette kan hindre at dialekten blir påverka av andre dialektar.
Språkkontakt skjedde også i tidlegare tider, noko både den tyske påverknaden på språket vårt og pidginspråket russenorsk er eksempel på. Den tyske påverknaden på norsk i tida frå 1300 til 1800 ser vi tydelege spor av i ordforrådet vårt også i dag.
At engelsk påverkar norsk i dag, er udiskutabelt. Det er lett å leggje merke til dei mange lånorda i språket. Vanskelegare er det å kjenne att dei engelske omsetjingslåna som det blir fleire og fleire av. Det finst ingen lover som regulerer bruken av engelsk i Noreg. Frankrike, derimot, har lover som forbyr engelsk i mellom anna reklame.